Sesongstart, ein ny sjanse - helsing frå 3050 Sunnmøre

sunnmoreEin lang vinter er over. Ein vinter med minimalt med snø, men likevel kald, mørk og laaang.

Vinter kan og kallast ventetid. Me ventar på sesongstart.

Men kanskje er det godt ? Sunt ? Med ei pause frå supporterlivet ?

Det kjennast iallfall godt å få sakne spenninga og dramaet. Få ned pulsen, og få tenkt litt på andre ting.

For vi må vel innrømme det. Der finnast andre ting enn fotball. Nokon har familier, nokon går på ski. Nokon lagar rapp og drøymer om å stå på scena. Nokon skiftar bleie, medan andre er symjeinstruktør.

Vi i 3050 Sunnmøre er ein merkelig gjeng. Det veit vi sjølv. Vi likar det 😊

Samansettinga er endra noko frå i fjor, men dei viktigaste er med. Nytt for året er at me har fått ny president og visepresident.

Andreas Tilseth har rykt opp, og er no høvdingen. Tomislav har tatt passasjersetet, og er visepresident.

2 av dei mest engasjerte og dedikerte. Me har stor tru på framtida.

Avtroppande president Erik har trekt seg noko tilbake. Men står oppført som medieansvarleg. Ei viktig rolle det og 😊

Sesongen nærmar seg, og me er klare. Me gler oss mykje. Fryktelig mykje.

Me håpar sjølvsagt me vil vere i toppen i år, kjempe om opprykket. Vi krev det ikkje, men vi håpar og drøymer.

Vi saknar Herman, Dala, Janne, Beate og GEIR m.fl. Vi saknar Mjøndalen.

Men, egentlig er det litt godt at det er nesten 500 km avstand. Om ikkje hadde vi nok hengt der alt for mykje. Og då hadde ikkje saknet blitt so stort. Det er godt å sakne. Då er det ekte.

Vi gler oss spesielt mykje til kampen i Florø. Det er berre 200 km for oss, ein snartur. Me håpar inderlig dette blir årets bortetur for 3050 , og at me kan farge denne vesle byen brun. Ein gong for alle.

Det er ikkje like spesielt som å møte Hødd, men nesten.

Me vil iallfall stille sterkt her, og me vil prøve å få med oss så mange kampar som mulig.

Me har trua. Som alltid.

Vegard :

Me likar deg uansett. Uansett om me går opp eller ned. Så lenge me er brune. I hjartet, og utanpå.

Brune for livet.

Kjærleik frå Vest

  • Erik  

 

primi sui motori con e-max