Ny helsing frå 3050 Sunnmøre

3050 høddvoll2016Det følast framleis som me nettopp har rykt ned til Obos. Kokkosligaen som fleire kallar det. Mest truleg den ligaen det er minst sannsynligheit for å vinne pengar på oddsen. Men det er greit, det handlar ikkje om pengar, det handlar om poeng. Kampen om opprykk. Kampen mot erkerivalar og andre ekle skapningar. Om å yte maksimalt og vinne mest mulig kampar. Score mål. Men samtidig handlar det om å ha det kjekt. På, og utanfor bana.

Vi supporterane er nok litt heldige soleis. Vi kan faktisk klare å ha det kjekt, sjølv om laget i vårt hjerte ikkje tek akkurat dei poenga me forventa eller ønska. Eit prakteksempel på dette var bortekampen mot Strømmen. Makan til supporterkultur skal ein leite lenge etter !

3050 Sunnmøre er komt for å bli.

Vi er 10 stabile medlem, og er nøgde med det. Rekrutering er ikkje vår viktigaste agenda, men sjølvsagt, alle kan bli smitta. Av den brune feberen. Det er mange her lokalt som er nyskjerrige på oss. Lurer på kvifor og korleis. Dei forstår nok at me har det kjekt. At me er litt annleis, litt sære, kanskje litt eksklusive faktisk. Vi får sjå med tida, om me veks. Kanskje me veks nok til å gi Blåsarane skikkelig kamp på Høddvoll, om me møtast igjen. For kampen i slutten av August, mot dei blå krigarane, den tapte me. Både på og utanfor bana. Me prøvde, men innsåg raskt at det var vanskelig å lage nok lyd med einsifra antal brune supporterar. Hadde berre kampen vårte spelt i helga, og ikkje ein kvardag…. Men, samanlagt slo me Hødd 4-2 i år. Det er eit faktum J

Vi er vel alle samde om at Fotball handlar i stor grad om marginar. Litt flaks. Og alltid ein god del uflaks. Med litt meir av det positive, kunne me lett hatt 10 poeng meir, og hatt rimelig god kontroll på direkte opprykk. Dette er eit faktum. Men me må forholde oss til realilteten, om at i år er muligheita gjennom kvalik. Og kva er vel meir spennande enn det ? Mjøndalen har etterkvart fått god erfaring i nettopp dette. Dei utruleg nervepirrande kvalikkampane, som er som eigne cupfinaler, på rekkje og rad. Trua har me alltid, heldigvis.

Det er no 4 kampar igjen. Mot tøff motstand, som alle har noko å kjempe for. 3 lag som kjempar om opprykk/kvalik og KFUM som ser ut til å ikkje berge plassen. Tøffe kampar, både på og utanfor bana. Me vonar «Alle Gutta» får inspirasjon og energi av 3050. Herman, Beate og resten av dei fantastiske brune folka som me har blitt so glade i.

Eg får gåsehud berre eg tenkjer på Ørjan som skrik av full hals : «Vi elsker M-mjøndær`n» - påfølgande svar frå 3050 «JA». Eg får gåsehud av DALA, som har eit ekstremt lydnivå, som inspirerar og smittar over på oss andre. Eg får gåsehud når Jokke skal ta frispark innanfor 30 meter, når Vegard ropar til gutta, når Pelle kjem aleine mot keeper, når Ulrik sklitaklar så det smell, når Gauseth manar til krig, eller når Mads sender ein morosam snap. Eg får generelt sett lett gåsehud.   Eg har ikkje lest vitenskapen om gåsehud, men trur det er ein bra ting. Positivt. Ekte følelsar. Livet.

Me møtast snart igjen.

3050 Sunnmøre vil alltid vere med, om vi går opp eller ned. Vi kjem til Mjøndalen neste år. Vi møtast på ein eller fleire andre arenaer. Vi snakkast på Facebook og andre sosiale medier. Vi held kontakta.  For vi må erkjenne at me har blitt glade i Mjøndalen. I heile Mjøndalen. I Roger på pubben, og ho søte dama i kassa på Rema. I speakeren på stadion, og kaffien i kiosken. I Herman og Dala, Beate og Janne, Ørjan og Knut, Ståle og Terje og mange mange fleire…..

3050 Sunnmøre lovar med dette, vi vil stå på eit bord i Mjøndalen i 2017 også, og rope for full hals : «VI VIL SE GEIR DANSE»    100 % magi !  Det er eit faktum.

Med kjærleik frå Vestlandet

3050 Sunnmøre

primi sui motori con e-max